Hopp til innhold
X
Innhald

Sangallo

Sangallo, italiensk arkitektfamilie som verka i Firenze og Roma under renessansen.

Giuliano da Sangallo, ca. 1445–1516, og broren Antonio da Sangallo d.e., 1455–1535, førte renessanseideane til Brunelleschi vidare. Nevøen deira, Antonio da Sangallo d.y., 1483–1546, var elev av Bramante og byrja arbeidet med Palazzo Farnese i Roma i 1534. Dette vart fullført av Michelangelo. I 1539 vart han leiar av bygginga av Peterskyrkja.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016