Hopp til innhold
X
Innhald

Sir John Soane

Sir John Soane [soun], 1753–1837, var britisk arkitekt.

Dei stramme nyklassisistiske bygningane hans er inspirerte av romersk keisartidsarkitektur og det enkle geometriske formspråket til Claude Nicolas Ledoux. Mellom hovudverka til Soane finn ein Bank of England (1788–1833) i London. Det er elles eit eige museum i London som er tileigna John Soane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016