
Obelisk
Obeliskar er tilspissa, rektangulære steinblokker med pyramideforma topp.
Dei er utforma i eitt stykke, som regel av raud granitt og ofte med hieroglyfinnskrift. Obeliskane vart reiste i Egypt i oldtida som symbol på solguden. Mange vart i keisartida førte til Roma, og på 1800-talet til andre europeiske byar, som London og Paris.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 28.09.2016