Sfinks
Ein sfinks er eit fabeldyr i egyptisk og gresk mytologi med løvekropp og menneskehovud.
Den greske sfinksen hadde dessutan vengjer og kvinnebryst. Ein kjend sfinks finn ein ved Gizeh i Egypt. Han er ei 20 m høg og 73 m lang steinløve med hovudet til farao Khefren (ca. 2600 f.Kr.).
Ordet blir også brukt i overført tyding om ein taus, gåtefull person.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 25.10.2016