Hopp til innhold
X
Innhald

Kolossen på Rhodos

Kolossen på Rhodos var ein ca. 30 m høg statue av solguden Helios som vart reist ved innseglinga til Rhodos ca. 290 f.Kr.

Han vart øydelagd av jordskjelv 65 år seinare. Statuen var utført av Khares frå Lindos og var rekna som eit av dei sju underverka i verda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.10.2016
Sist oppdatert: 25.10.2016