Hopp til innhold
X
Innhald

Ikat-teknikk

Ikat-teknikk er ein spesiell farge- og vevteknikk som er vidt utbreidd i Asia.

I dei seinare åra har han også vore mykje brukt av norske kunsthandverkarar. Garnet blir farga i samanbundne buntar, slik at fargen blir ujamn. Når ein nyttar det til veving, dannar det seg eit mønster i forholdet mellom innslagstråden og renninga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.10.2016
Sist oppdatert: 07.10.2016