Hopp til innhold
X
Innhald

Quellinus

Quellinus [kvelinus] (eigentleg Quellien), nederlandsk (flamsk) kunstnarfamilie.

Erasmus d.e., ca. 1584–1639/40, var bilethoggar.

Erasmus d.y., ca. 1607–78, var målar og son av Erasmus d.e. Han måla historie- og landskapsbilete, og laga også kyrkjeutsmykkingar.

Artus d.e., 1609–68, var bilethoggar. Han var son av Erasmus d.e. Hovudverket hans er utsmykkinga av rådhuset i Amsterdam (1650–64).

Hubertus, 1619–87, var koparstikkar og son av Erasmus d.e.

Artus d.y., 1625–1700, var bilethoggar og son av Erasmus d.y. Han arbeidde hovudsakleg med kyrkjeinteriør.

Jan Erasmus, 1634–1715, var målar og son av Erasmus d.y.

Thomas, 1661–1709/10, var bilethoggar og son av Artus d.y. Han arbeidde frå 1689 i Danmark, der han innførte den flamske høgbarokken.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016