Hopp til innhold
X
Innhald

Action painting

Action painting (engelsk ’aksjonsmåleri’) er ei uttrykksform som vart utvikla av Jackson Pollock i USA i slutten av 1940-åra innanfor retninga abstrakt ekspresjonisme.

Fargane blir kasta, sprøyta eller dropne (drip-painting) på lerretet i ein spontan aksjon. Til grunn for teknikken låg ideen om ei total samansmelting mellom sinnsstemninga til målaren og lerretet i sjølve måleprosessen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2016
Sist oppdatert: 11.10.2016