Hopp til innhold
X
Innhald

Die Brücke

Die Brücke (tysk ’Brua’) var ei tysk gruppe av ekspresjonistiske målarar mellom 1905 og 1913.

Mellom medlemmene finn ein namn som Ernst Ludwig Kirchner og Emil Nolde. Dei var inspirerte av primitiv kunst, og sterke fargar og aggressive linjer og former karakteriserer måleria og tresnitta deira. Gruppa var viktig for den tyske ekspresjonismen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2016
Sist oppdatert: 11.10.2016