Hopp til innhold
X
Innhald

Paris-skulen

Paris-skulen (fransk école de Paris) er ei fellesnemning for dei mange franske og utanlandske biletkunstnarane som samla seg i Paris mellom ca. 1900 og 1950.

Dei utvikla mange av kunstretningane dette hundreåret. Særleg gjaldt dette gruppa av jødiske kunstnarar som utfalda seg etter den første verdskrigen, som Modigliani og Chagall.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.10.2016
Sist oppdatert: 17.10.2016