Kveding er ein type vokal folkemusikk. Ordet kveding har sitt opphav i det norrøne ordet kvad eller kvede, som tyder «å seie fram eit dikt rytmisk og på ein høgtidleg måte». I den folkelege songtradisjonen er kveding helst knytt til Telemark og Setesdal, men omgrepet har etter kvart kome i bruk òg i andre delar av landet. Kveding blir knytt til a capella folkesong, dette gjeld òg på kappleikane, der det blir tevla i vokal folkemusikk, som framleis er i bruk som eit meir inkluderande omgrep geografisk enn kveding.

Karakteristiske trekk

Karakteristiske trekk ved kveding er spesielle melodiske utsmykkingar – krullar eller ornamentikk. Ein kvedar brukar gjerne konsonantar som melodiberande element, og kvedinga ligg slik nærare naturleg tale enn ein del andre songtradisjonar. Intonasjon går ofte på tvers av dur/moll-systemet, rytmen kan vera ubunden, og ein personleg prega stemmebruk har gjerne utgangspunkt i ein dialekt. I mange tilfelle er melodien og bygdemålet så nær knytt til kvarandre at båe delane må vera til stades for at det musikalske uttrykket skal bli autentisk.

Formidlinga av teksten er svært viktig i kveding, og dersom teksten varierer frå vers til vers, er det melodien som må forandre seg. Kvedaren kan forme tonen meir fritt om ein samanliknar med skolert song.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg