Hopp til innhold
X
Innhald

The Beatles

The Beatles [bitls], britisk popgruppe frå Liverpool som vart danna i 1958 (under namnet The Quarrymen) av John Lennon (1940–80), Paul McCartney (fødd 1942), George Harrison (1943–2001) og Ringo Starr (fødd 1940). The Beatles vart verdskjende og revolusjonerte popmusikken. Dessutan fekk gruppa stor innverknad på den personlege stilen til ungdomen. I 1963–66 var dei ute på verdsturnear. The Beatles vart oppløyst i 1970.
 
Frå Madame Tussaud's, New York. Foto:
Frå Madame Tussaud's, New York. Foto: "shankar.s" Flick.com CC BY

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.04.2014