Ågot er eit kvinnenamn som er norsk form av gresk Agate laga til ordet agathós som tyder ‘god’.

Namnet har fleire variantar: Ågodt, Ågot, Ågoth, Aagot, Aagoth.

Namnedag er 5. februar. Agate har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Ågot

Eit utval personar med namnet Aagot, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 333 kvinner i Noreg som hadde Ågot som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ågot og varianten Aagot høyrer med til den nordiske namnerenessansen i og med at namnet kan knytast til seterjenta Aagot i det nasjonalromantiske songspelet «Fjeldeventyret» (1824) av Henrik Anker Bjerregaard. Til liks med andre renessansenamn byrja Aagot å stige i 1860-åra og nådde ein topp rundt år 1900. Sidan har Aagot og Ågot vore lite brukte. Ved rettskrivingsendringa i 1917 vart [aa] erstatta av [å]. Ved staving av personnamn treng ein ikkje rette seg etter offisiell rettskriving. Det må ein derimot gjere ved stadnamn, til dømes bynamnet Ålesund (ikkje Aalesund).

Utvikling i bruk av namnet Ågot frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ågot frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ågot på 1800-talet.

Aagot og Aagodt var mest brukt i Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Aagor fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ågot på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Aagot og Aagodt var mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også nokre få belegg på Ågot på 1800-talet.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Aagor fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Ågot
Historisk bruk av namnet Ågot
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg