Are er eit mannsnamn som går tilbake til norrønt Ari. Det tyder ‘ørn’.

Namnedag er 7. mars. Ali og Arild har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Are

Eit utval personar med namnet Are, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 335 menn i Noreg som hadde Are som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 gutar som fekk namnet Are.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innanfor perioden 1945–1979. I tillegg til Are gjeld dette til dømes Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Utvikling i bruk av namnet Are frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Are frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Lind, E.H. 1905–15: [Norsk-isländska dopnamn ock fingerade namn från medeltiden]. Uppsala–Leipzig.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg