Asgeir er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ás-geirr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘spyd’.
Asgeir
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 116 menn i Noreg som hadde Asgeir som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Asgeir er blant dei få samansette nordiske namna som fekk toppfasen sin i siste halvdel av 1900-talet. Andre døme på samansette nordiske namn med sein toppfase er Erlend, Vebjørn, Vemund og Åsmund.
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.