Aslaug er eit kvinnenamn som er kjent sidan 1300-talet. Det er ein variant av Åslaug som kjem av det norrøne Ás-laug. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘lovd til, vigd til’.

Namnet har fleire variantar: Aslaug, Oslaug, Åslaug, Aaslaug.

Namnedag er 6. januar. Aisha, Åslaug og Åslaug har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Aslaug

Eit utval personar med namnet Aslaug, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 386 kvinner i Noreg som hadde Aslaug som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Aslaug var på topp litt tidlegare, 1910–1914.

Utvikling i bruk av namnet Aslaug frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Aslaug frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Aslaug på 1800-talet.

Aslaug var klart mest brukt i Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Aslaug på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Aslaug var klart mest brukt i Telemark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Asloug.)

Historisk bruk av namnet Aslaug
Historisk bruk av namnet Aslaug
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg