Asta er eit kvinnenamn som kjem av det norrøne Ásta, kortform av Ás-fríðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘vakker’.
Asta
Kjende personar med namnet Asta
Eit utval personar med namnet Asta, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Asta Nørregaard (1853–1933)
- Asta Graah Bolander (1861–1946)
- Asta Nielsen (1881–1972)
Namnestatistikk
I 2022 var det 719 kvinner i Noreg som hadde Asta som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 15 jenter som fekk namnet Asta.
Utvikling i bruk av namnet
Asta – og variantane Åsta og Aasta – inngår i den nordiske namnerenessansen. Som dei fleste namna av denne typen byrja dei å stige i siste halvdel av 1800-talet og nådde toppen rundt år 1900.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Asta var mest brukt i Kristiania og Vestfold.
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.