Astrid er eit kvinnenamn, og den vanlege tolkinga av dette namnet er at det går tilbake til norrønt Ástríðr av Ás-fríðr. I dette toledda kvinnenamnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘vakker’.

Etter bortfall av [f] i -fríðr kunne Asrid vere ei mogleg form, men fordi ein helst unngjekk konsonantgruppa [sr] i norrønt, vart [t] sett inn som ein slags hjelpekonsonant mellom [s] og [r].

Namnet har fleire variantar: Astri, Astrid.

Namnedag er 13. april. Asta har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Astrid

Eit utval personar med namnet Astrid, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 16 296 kvinner i Noreg som hadde Astrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Astrid var blant dei 20 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 221 jenter som fekk namnet Astrid, og det var blant dei 20 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Astrid og Astri slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Astrid og Astri er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen da foreldre til dømes fann namn i Snorre (Astrid Olavsdotter, gift med Olav den heilage). Til liks med andre namn som høyrer til namnerenessansen, fekk det eit sterkt løft i siste halvdel av 1800-talet. Namnet ville som andre renessansenamn ha gått nedover om det ikkje hadde vore for ein kongeleg fødsel i 1932 (prinsesse Astrid).

Utvikling i bruk av namnet Astrid frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Astrid frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Astrid på 1800-talet.

Astrid var mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Astrid fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Astrid på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Astrid var mest brukt i Kristiania og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Astri.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Astrid fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Astrid
Historisk bruk av namnet Astrid
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg