Aud er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Auðr som tyder ‘rikdom’.

Nokre stader i Noreg blir namnet uttalt utan [d], altså som interjeksjonen [au].

Namnedag er 30. juli. Audhild og Aurora har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Aud

Eit utval personar med namnet Aud, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 10 358 kvinner i Noreg som hadde Aud som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Aud var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 4 jenter som fekk namnet Aud.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. I tillegg til Aud – med topp 1935–1944 – gjeld dette til dømes Bjørg, Gerd, Gro, Gry, Gunn, Liv, Siv og Unn. Dei fleste av desse namna har – som Aud – ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1935–1974.

Utvikling i bruk av namnet Aud frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Aud frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg