Barbro er eit kvinnenamn som er svensk og norsk form av Barbara med opphav i det greske bárbaros som tyder ‘framand’.

Namnet har fleire variantar: Barbo, Barbro.

Namnedag er 4. desember. Barbara har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Barbro

Eit utval personar med namnet Barbro, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 100 kvinner i Noreg som hadde Barbro som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Til liks med ein del andre namn som har fått ei justert form på nordisk grunn av eit helgennamn (Barbro av Barbara), har Barbro hatt ein gradvis tilbakegang sidan tidleg på 1800-talet. Dette kan også påvisast for andre justerte namn utover på 1800-talet, til dømes Berit av Birgitta, Eli av Helene, Kari av Katarina og Marit av Margarita. Frå 1960-åra byrja Barbro å stige att fram til ein topp i 1970-åra, men då fekk Barbro på langt nær same popularitet som tidleg på 1800-talet.

Utvikling i bruk av namnet Barbro frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Barbro frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Barbro på 1800-talet.

Barbro var mest brukt i Oppland og Buskerud.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Barbro på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Barbro var mest brukt i Oppland og Buskerud.

Historisk bruk av namnet Barbro
Historisk bruk av namnet Barbro
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg