Bergljot er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Berg-ljót. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘berging’ og etterleddet kanskje ‘lys’. Etter å ha lege i dvale sidan mellomalderen kom det i bruk att cirka 1700.

Namnet har fleire variantar: Bergliot, Berglioth, Bergljot, Bergot.

Namnedag er 21. oktober. Birger har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Bergljot

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Bergljot

Eit utval personar med namnet Bergljot, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 430 kvinner i Noreg som hadde Bergljot som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Bergljot og Bergliot slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Bergljot – og varianten Bergliot – er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen (på grunn av Bjørnsons dikt «Bergljot»). Til liks med andre namn som høyrer til namnerenessansen, fekk desse namneformene eit sterkt oppsving i siste halvdel av 1800-talet, og dei var mest brukte tidleg på 1900-talet. Bergljot og Bergliot nådde toppen samtidig (1900–1904).

Utvikling i bruk av namnet Bergljot frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Bergljot frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bergljot på 1800-talet.

Bergljot var – til liks med Bergliot – klart mest brukt i Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Bergljot fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bergljot på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Bergljot var – til liks med Bergliot – klart mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Bergljoth.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Bergljot fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Bergljot
Historisk bruk av namnet Bergljot
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg