Bernt er eit mannsnamn som er nedertysk form av Bern-hard der forleddet tyder ‘bjørn’ og etterleddet ‘hard’.

Namnet har fleire variantar: Berent, Bernd, Bernt.

Namnedag er 20. august. Bernhard har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Bernt

Eit utval personar med namnet Bernt, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 869 menn i Noreg som hadde Bernt som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 gutar som fekk namnet Bernt.

Utvikling i bruk av namnet

Bernt hadde toppfasen sin midt på 1800-talet. Kurveprofilen til det nedertyske Bernt avvik frå den vanlege profilen for dei einstava nordiske namna som hadde toppfasen innanfor perioden 1920–1974, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir og Kjell.

Utvikling i bruk av namnet Bernt frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Bernt frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bernt på 1800-talet.

Bernt var mest brukt i Hedmark og Vest-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Bernt på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Bernt var mest brukt i Hedmark og Vest-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Bærnt.)

Historisk bruk av namnet Bernt
Historisk bruk av namnet Bernt
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg