Birgitte er eit kvinnenamn som er dansk og norsk form av Birgitta som kjem av Brigida, ei latinisering av det keltiske Brigit laga til ordet *[briganti] som tyder ‘den opphøgde’.
Birgitte
Kjende personar med namnet Birgitte
Eit utval personar med namnet Birgitte, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Birgitte Christine Kaas (1682)
- Birgitte Boye (1742)
- Conradine Dunker (1780)
- Birgitte Elise Esmark (1841)
- Birgitte Price (1934)
- Birgitte Grimstad (1935)
- Sissel Birgitte Breie (1953)
- Birgitte Victoria Svendsen (1957)
- Birgitte Appelong (1966)
- Birgitte Næss (1975)
- Birgitte Larsen (1981)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 664 kvinner i Noreg som hadde Birgitte som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Dei fleste namna med minst tre stavingar har utanlandsk opphav. I motsetning til namna på -a var namna på -e ein del brukte på 1800-talet, og mange av dei hadde ein topp i perioden 1830–1870, til dømes Beate, Elise og Susanne. Dette gjeld også Birgitte. Rundt år 2000 fekk desse namna ein ny topp. Birgitte fekk toppfasen sin i perioden 1975–1999.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Birgitte var mest brukt i Aust-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Birgithe.)
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.