Eirik er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Ei-ríkr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘aleine; eineståande’ og etterleddet ‘mektig; herskar’.

Namnet har fleire variantar: Eirik, Eric, Erich, Erick, Erik.

Namnedag er 18. mai. Erik og Erika har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Eirik

Eit utval personar med namnet Eirik, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 14 048 menn i Noreg som hadde Eirik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Eirik var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 51 gutar som fekk namnet Eirik.

Utvikling i bruk av namnet

I motsetning til dei fleste nordiske tostava namna med utlyd på konsonant hadde Eirik toppfasen sin på eit forholdsvis seint tidspunkt, 1980–1994. Dette gjeld også Audun, Bjørnar, Joar, Espen og Stian. Eirik Kvalfoss, fødd 1959, var den leiande skiskyttaren i Noreg i 1980-åra, og det er mogleg at han har medverka til populariteten for namnet i toppfasen 1980–94. Sidan år 1900 har Erik vore brukt nesten dobbelt så mykje som Eirik.

Utvikling i bruk av namnet Eirik frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Eirik frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Eirik på 1800-talet.

Eirik var klart mest brukt i Hordaland. I mange fylke brukte registerføraren skriftforma Erik i staden for talemålsforma Eirik.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Eirik på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Eirik var klart mest brukt i Hordaland. I mange fylke brukte registerføraren skriftforma Erik i staden for talemålsforma Eirik.

Historisk bruk av namnet Eirik
Historisk bruk av namnet Eirik
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Elmevik, Lennart 1982: Fisl. einherjar ‘krigare i Valhall’ och några andra fornord. sammansättningar med ein-. [Saga och Sed].[/li][li]
  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg