Eirin er eit kvinnenamn som kan oppfattast som ein variant av Airin av det engelske Irene.

Fram til cirka 1900 var diftongen [ai] sjeldsynt i norsk, og det var vanleg å erstatte det engelske [ai] med [ei]. (Stavemåten ålreit er såleis ein godtatt variant av all right.) Tilsvarande vart Airin gitt att med Eirin. Det er også mogleg (ifølgje Kruken 1989) å sjå på Eirin som eit nylaga namn med forleddet Ei- eller Eir-.

Namnet har fleire variantar: Eireen, Eiren, Eirin, Eirinn.

Namnedag er 5. april. Eiril og Irene har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Eirin

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Eirin Margit Henriksen fødd 1900 i Kristiania.

Kjende personar med namnet Eirin

Eit utval personar med namnet Eirin, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 754 kvinner i Noreg som hadde Eirin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 8 jenter som fekk namnet Eirin.

Utvikling i bruk av namnet

Eirin fekk eit oppsving frå 1960-åra, og dette var samtidig med at det relaterte Irene (truleg på grunn av songen «Goodnight Irene») var på veg mot toppen.

Utvikling i bruk av namnet Eirin frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Eirin frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer 1989: Merknader til nokre personnamn. [Institutt for namnegransking. Årsmelding 1988]. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg