Ellinor er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Eleonora som lengst bak har opphav i gammalfransk Aliénor med ukjent tyding.

Namnet har fleire variantar: Elinor, Ellinor, Ellynor.

Namnedag er 14. april. Nora har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Ellinor

Kulturell bruk

  • Evert Taubes viser om Ellinor gjorde namnet populært i Sverige.

Kjende personar med namnet Ellinor

Eit utval personar med namnet Ellinor, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 291 kvinner i Noreg som hadde Ellinor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 210 jenter som fekk namnet Ellinor, og det var blant dei 20 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Ellinor har ein kurveprofil som skil seg ut frå andre namn. I perioden 1920–1954 låg namnet stabilt på same nivå, og deretter gjekk det nedover inntil det fekk eit kraftig oppsving på 2000-talet. Songen «Ellinors vise», som av Nitimens lyttarar vart kåra som ei av Noregs nasjonale viser, kan ha medverka til dette.

Utvikling i bruk av namnet Ellinor frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Ellinor frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg