Eskil er eit mannsnamn som er innlånt frå Sverige og Danmark. Forleddet Es- tyder ‘gud’ og etterleddet -kil ‘hjelm; offerkjele’. Namnet svarer til det norske Askjell.

Namnet har fleire variantar: Eskil, Eskild.

Namnedag er 15. september. Aslak har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Eskil

Eit utval personar med namnet Eskil, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 432 menn i Noreg som hadde Eskil som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 30 gutar som fekk namnet Eskil.

Utvikling i bruk av namnet

Det svenske og danske Eskil høyrer til ei lita gruppe nordiske namn som har fått toppfasen sin etter år 2000. Dette gjeld også Ask, Gard, Storm, Trym – Brage, Brede, Sigve, Vetle – Odin, Viljar.

Utvikling i bruk av namnet Eskil frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Eskil frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg