Ester er opphavleg eit persisk kvinnenamn laga til eit ord som tyder ‘stjerne’. Det er innlånt via det greske og latinske Esther.

Namnet har fleire variantar: Ester, Esther.

Namnedag er 24. mai. Iris har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Ester

Eit utval personar med namnet Ester, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 475 kvinner i Noreg som hadde Ester som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 10 jenter som fekk namnet Ester.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Ester og Esther slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. I motsetning til dei bibelske mannsnamna, som har vore populære rundt år 2000, har dei bibelske kvinnenamna i mindre grad oppnådd same popularitet på denne tida. Dette gjeld til dømes Ester som var mest brukt frå 1895 og litt utover på 1900-talet. Sidan år 1900 har Ester vore brukt 1,6 gongar meir enn stavevarianten Esther.

Utvikling i bruk av namnet Ester frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ester frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ester på 1800-talet.

Ester var klart mest vanleg i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ester på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ester var klart mest vanleg i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Esther.)

Historisk bruk av namnet Ester
Historisk bruk av namnet Ester
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg