Fredrik er eit mannsnamn som også var brukt i norrønt (Friðrekr). Namnet går tilbake til gammalhøgtysk Frithu-ric der forleddet tyder ‘fred’ og etterleddet ‘mektig; herskar’.

Forma Fredrik er mest brukt i Noreg og Sverige, Frederik i Danmark.

Namnet har fleire variantar: Frederic, Frederick, Frederik, Fredric, Fredrich, Fredrick, Fredrik.

Namnedag er 14. november. Fred, Freddy og Freddy har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Fredrik

Eit utval personar med namnet Fredrik, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 14 702 menn i Noreg som hadde Fredrik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Fredrik var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 77 gutar som fekk namnet Fredrik.

Utvikling i bruk av namnet

På 1800-talet var Fredrik mest brukt i perioden 1865–84, og frå 1970-åra fekk namnet eit sterkt oppsving til ein topp 1990–95. Ein liknande kurveprofil har også ein del andre tyske – og nedertyske namn – til dømes Albert, Anton, Didrik, Henrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Ludvig, Otto, Sivert og Wilhelm.

Utvikling i bruk av namnet Fredrik frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Fredrik frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Fredrik på 1800-talet.

Fredrik var mest brukt i Kristiania og Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Fredrik på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Fredrik var mest brukt i Kristiania og Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Fredrich.)

Historisk bruk av namnet Fredrik
Historisk bruk av namnet Fredrik
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg