Fridtjof og Fridtjov er mannsnamn med same norrøne opphav, Frið-þjófr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘fred’ og etterleddet ‘tjuv’.

Namnet har fleire variantar: Fridjof, Fridthjof, Fridthjov, Fridtjof, Fridtjov, Frithjof, Frithjov, Fritjof, Fritjov.

Namnedag er 10. oktober. Frida og Frits har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Fridtjof

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var overrettssakførar Baldur Frithjof Nansen (far til polarfararen), fødd 1817 i Eigersund, busett i Aker i 1865. Han hadde altså ein annan stavemåte av namnet (Frithjof) enn sonen (Fridtjof).

Kjende personar med namnet Fridtjof

Eit utval personar med namnet Fridtjof, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 407 menn i Noreg som hadde Fridtjof som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Fridtjof og Frithjof slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Det var etter alt å dømme Fridtjof Nansen som inspirerte til den store populariteten for Fridtjof og Frithjof rundt år 1900. I den fyrste stigningsfasen – frå midten av 1800-talet – var det nok diktverket «Frithiofs saga» (1825) av Esaias Tegnér som førte til framgang for namnet. Dermed kan det fyrste oppsvinget for namnet knytast til den nordiske namnerenessansen.

Utvikling i bruk av namnet Fridtjof frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Fridtjof frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Fridtjof på 1800-talet.

Fridtjof var mest brukt i Kristiania og Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Fridtjof fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Fridtjof på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Fridtjof var mest brukt i Kristiania og Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Fridthjof.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Fridtjof fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Fridtjof
Historisk bruk av namnet Fridtjof
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg