Greta er eit kvinnenamn som er tysk kortform av Margareta.

Namnet har fleire variantar: Greta, Grete, Gretha, Grethe.

Namnedag er 13. mars. Grete har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Greta

Eit utval personar med namnet Greta, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 730 kvinner i Noreg som hadde Greta som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Det er nok den svenske filmstjerna Greta Garbo (1905–1990) som har påverka populariteten for Greta (med toppfase 1935–1944), for hovudtyngda av tostava namn på -a har hatt toppfasen sin etter år 2000, til dømes Alva, Frida, Hedda, Maja, Nora og Runa.

Utvikling i bruk av namnet Greta frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Greta frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg