Gunhild er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Gunnhild som går tilbake til det norrøne Gunn-hildr. I dette toledda namnet tyder både forleddet og etterleddet ‘strid’. Det såkalla variasjonsprinsippet i norrønt innebar at ein nokså fritt kunne kombinere ledd utan å ta omsyn til ei meiningsfull tyding i det samansette namnet. I Gunnhild har vi altså eit namn med lik tyding i forleddet og etterleddet.

Namnet har fleire variantar: Gundhild, Gunhild, Gunnhild.

Personar med namnet Gunhild

Kulturell bruk

  • Gunhild Bonde i «Den fjerde nattevakt» (1923) av Johan Falkberget.
  • Romanen «Gunhild» (1957) av Ragnhild Magerøy.

Kjende personar med namnet Gunhild

Eit utval personar med namnet Gunhild, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 990 kvinner i Noreg som hadde Gunhild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Gunnhild og Gunhild slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Jorunn, Tordis og Svanhild. Gun(n)hild – saman med Ingeborg – skil seg klart frå hovudtyngda av desse namna ved at dei var mest brukte tidleg på 1800-talet. Sidan år 1900 har Gunhild vore brukt nesten fem gongar meir enn Gunnhild.

Utvikling i bruk av namnet Gunhild frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Gunhild frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg