Håkon er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Hákon. Namnet har omdiskutert opphav. Den vanlegaste tolkinga er at forleddet Hå- tyder ‘høg’, men det kan også tyde ‘hest’. Etterleddet -kon går enten tilbake til norrønt kyn som tyder ‘slekt’ eller til konr som tyder ‘ætling, son’.

Faktaboks

Etymologi

Hákon

Uttale

Håkån, Håkå, Håka

Namnet har fleire variantar: Hagen, Hakon, Hågen, Håkan, Håken, Håkon, Haagen, Haaken, Haakon.

Namnedag er 22. juni. Maud har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Håkon

Eit utval personar med namnet Haakon, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 13 398 menn i Noreg som hadde Håkon som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Håkon var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 176 gutar som fekk namnet Håkon, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Haakon og Håkon (lite brukt på 1800-talet) slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Håkon og Haakon kan reknast blant dei namna som inngår i den nordiske namnerenessansen. Håkon var namnet på kongane Håkon den gode og Håkon Håkonsson i sagatida. Som dei fleste andre renessansenamna fekk Haakon eit oppsving i siste del av 1800-talet, og denne forma fekk eit ekstra løft i 1906, og dette skjedde like etter at det var bestemt at prins Carl skulle ha namnet Haakon som konge av Noreg. Både Haakon og Håkon fekk eit nytt oppsving i 1990-åra, og kronprins Haakon Magnus har nok medverka til dette oppsvinget.

Utvikling i bruk av namnet Håkon frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Håkon frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Håkon på 1800-talet.

Haakon var mest brukt i Bergen, Nord-Trøndelag og Nord-Noreg.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Håkon på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Haakon var mest brukt i Bergen, Nord-Trøndelag og Nord-Noreg. (I søylene inngår det også nokre få belegg på Håkon på 1800-talet.)

Historisk bruk av namnet Håkon
Historisk bruk av namnet Håkon
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg