Hallvard er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Hall-varðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘(flat) stein’ og etterleddet ‘vaktar’.

Namnet har fleire variantar: Hallvar, Hallvard, Halvar, Halvard.

Namnedag er 15. mai. Halvor har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Hallvard

Eit utval personar med namnet Hallvard, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 507 menn i Noreg som hadde Hallvard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 gutar som fekk namnet Hallvard.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Halvard og Hallvard (lite brukt på 1800-talet) slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Hallvard høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969, til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn. Mens Halvard hadde ein gradvis tilbakegang etter toppfasen 1915–1919, hadde stavevarianten Hallvard ein noko hakkete kurveprofil med tre toppar på 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Hallvard frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Hallvard frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alver, Brynjulf 1981: [Dag og merke. Folkeleg tidsrekning og merkedagstradisjon]. 2. utg. Oslo–Bergen–Tromsø.[/li][li]
  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg