Helene er eit gresk kvinnenamn som truleg tyder ‘den strålande, skinande’.

Namnet har fleire variantar: Helena, Helene.

Namnedag er 21. mai. Eli, Eli og Ellen har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Helene

Kulturell bruk

  • Jacques Offenbachs operette «Den skjønne Helene» (1864).

Kjende personar med namnet Helene

Eit utval personar med namnet Helene, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 11 059 kvinner i Noreg som hadde Helene som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Helene var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 74 jenter som fekk namnet Helene.

Av dei som heitte Helene i perioden 1900–2017, var det 70 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Helene. Dette inneber at 30 prosent hadde Helene som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste namna med minst tre stavingar har utanlandsk opphav. I motsetning til namna på -a hadde fleire namn på -e ein topp tidleg på 1800-talet. I tillegg til Helene gjeld dette til dømes Margrete, Pernille, Malene og Johanne. Desse namna har så fått ein ny topp rundt år 2000. Sidan år 1900 har Helene vore brukt nesten sju gongar meir enn Helena. Helena har ein kurveprofil på 1900-talet som liknar på Helene på den måten at det gjekk bratt oppover på slutten av 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Helene frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Helene frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Helene på 1800-talet.

Helene var mest brukt i Østfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Helene på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Helene var mest brukt i Østfold.

Historisk bruk av namnet Helene
Historisk bruk av namnet Helene
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg