Hilde er eit kvinnenamn som er kortform av namn på Hild(e)- og -hild, til dømes Hildegunn og Gunnhild.

Namnet har fleire variantar: Hilda, Hilde.

Namnedag er 15. desember. Hilda har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Hilde

Kulturell bruk

  • Hilde Wangel i Henrik Ibsens «Fruen fra havet» (1888) og «Byggmester Solness» (1892).

Kjende personar med namnet Hilde

Eit utval personar med namnet Hilde, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 18 247 kvinner i Noreg som hadde Hilde som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Hilde var det tolvte mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 6 jenter som fekk namnet Hilde.

Utvikling i bruk av namnet

Namneparet Hilda – Hilda illustrerer godt det mønsteret at tostava namn på -a ofte har vore populære før den tilsvarande forma på -e: Hilda var på topp 90 år tidlegare (1875–79) enn Hilde (1965–1969). Sidan år 1900 har Hilde vore brukt 5,6 gongar meir enn Hilda. Dei fleste tostava namna på -e, var mest populære i perioden 1955–1999. I tillegg til Hilde, med topp 1965–1969, gjeld dette til dømes Bente, Hanne, Hege, Marte, Mette, Silje, Tone, Tove og Wencke.

Utvikling i bruk av namnet Hilde frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Hilde frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Hilde på 1800-talet.

Hilde var mest brukt i Sogn og Fjordane.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Hilde på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Hilde var mest brukt i Sogn og Fjordane.

Historisk bruk av namnet Hilde
Historisk bruk av namnet Hilde
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg