Ingebjørg er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ingi-bjǫrg. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet tyder ‘berging’.

Namnet har fleire variantar: Ingbjørg, Ingebjørg.

Namnedag er 14. september. Ingeborg har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Ingebjørg

Eit utval personar med namnet Ingebjørg, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 904 kvinner i Noreg som hadde Ingebjørg som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 jenter som fekk namnet Ingebjørg.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949. I tillegg til Ingebjørg – med topp 1930–1934 – gjeld dette til dømes Asbjørg, Borgny, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg.

Utvikling i bruk av namnet Ingebjørg frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ingebjørg frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ingebjørg på 1800-talet.

Ingebjørg var mest brukt i Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ingebjørg på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ingebjørg var mest brukt i Telemark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ingebjør.)

Historisk bruk av namnet Ingebjørg
Historisk bruk av namnet Ingebjørg
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg