Irene er eit gresk kvinnenamn laga til ordet eirene som tyder ‘fred’. Irene er namnet på fredsgudinna i gresk mytologi.

Namnet har fleire variantar: Iren, Irena, Irene.

Namnedag er 5. april. Eiril og Eirin har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Irene

Kulturell bruk

  • Irene i Henrik Ibsens skodespel «Når vi døde vågner» (1899).
  • Irene i «Forsyte-sagaen» (1906–1921) av John Galsworthy.
  • «Goodnight Irene» var ein populær song på 1950-talet.

Kjende personar med namnet Irene

Eit utval personar med namnet Irene, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 7 518 kvinner i Noreg som hadde Irene som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Irene var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 6 jenter som fekk namnet Irene.

Av dei som heitte Irene i perioden 1900–2017, var det 70 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Irene. Dette inneber at 30 prosent hadde Irene som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Både Iren og Irene var på topp i 1960-åra, og det kan vere songen «Goodnight Irene» som ligg bak denne populariteten. På den tida var denne songen ofte eit innslag i «Ønskekonserten». Sidan år 1900 har Irene vore brukt over åtte gongar meir enn Iren.

Utvikling i bruk av namnet Irene frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Irene frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg