Johannes er eit mannsnamn som via det greske I(h)oannes kjem av det hebraiske Jochanan som tyder ‘Gud er nådig’. Av dette namnet har det utvikla seg variantar i ulike språk, til dømes Jon, Jo, Johan, Hans, Jan, Jean, Sean, Ivan, Giovanni og Janos. Johannes (inklusive variantar) er det mest vanlege kristne namnet i Europa.

Namnet har fleire variantar: Johanes, Johannes, Johans.

Namnedag er 24. juni. Hans og Jon har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Johannes

Kulturell bruk

  • Johannes, hovudperson i «Victoria» (1898) av Knut Hamsun.
  • «Johannes» (1952) tredje band i romansyklusen «Nattens brød» (1940–1959) av Johan Falkberget.

Kjende personar med namnet Johannes

Eit utval personar med namnet Johannes, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 9 121 menn i Noreg som hadde Johannes som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Johannes var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 280 gutar som fekk namnet Johannes, og det var det åttande mest populære gutenamnet dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Johannes var mykje brukt tidleg på 1800-talet, og i perioden 1800–1824 låg det som nummer 7 på ranglista. Det bibelske Johannes fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Andreas, Daniel, Elias, Gabriel, Isak, Jakob, Jonas og Samuel.

Utvikling i bruk av namnet Johannes frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Johannes frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Johannes på 1800-talet.

Johannes var mest brukt i Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Johannes på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Johannes var mest brukt i Hordaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Johanes.)

Historisk bruk av namnet Johannes
Historisk bruk av namnet Johannes
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg