Kaia er eit kvinnenamn som er kjæleform av mellom anna Karen og Karin.

Namnet har fleire variantar: Caja, Kaia, Kaja, Kaya.

Namnedag er 14. oktober. Kai har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kaia

Eit utval personar med namnet Kaia, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 282 kvinner i Noreg som hadde Kaia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 38 jenter som fekk namnet Kaia.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kaia og Kaja slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Kaia og Kaja hadde – til liks med nokre andre tostava namn på -a – to toppfasar, den fyrste rundt år 1900, og den andre rundt år 2000 til dømes Anna, Laura, Emma, Selma, Ebba og Klara. Mellom desse to fasane, særleg i perioden 1955–1999, var tostava namn på -e meir populære, til dømes Bente, Tove, Hilde, Wenche, Hege, Hanne og Silje. Sidan år 1900 har Kaja vore brukt nesten tre gongar meir enn Kaia.

Utvikling i bruk av namnet Kaia frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Kaia frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kaia på 1800-talet.

Kaia var mest brukt i Akershus og Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kaia på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kaia var mest brukt i Akershus og Nordland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Kaja.)

Historisk bruk av namnet Kaia
Historisk bruk av namnet Kaia
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg