Katrine er eit kvinnenamn som lengst bak har opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.

Namnet har fleire variantar: Catarina, Caterina, Catharina, Catharine, Catherina, Catherine, Cathrin, Cathrina, Cathrine, Catrin, Catrine, Chatarina, Chatrine, Katarina, Katerina, Katerine, Katharina, Katharine, Katherina, Katherine, Kathrin, Kathrina, Kathrine, Katrin, Katrina, Katrine.

Namnedag er 25. november. Kari, Kari og Katarina har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Katrine

Eit utval personar med namnet Katrine, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 660 kvinner i Noreg som hadde Katrine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Katrine, Kathrine og Cathrine slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. På 1800-t gjekk det gradvis nedover med Katrine (inklusive variantar), og nedgangen heldt fram utover på 1900-talet til oppsvinget byrja omkring 1960. Da fekk dei tre variantane ei bratt stigning til ein topp i 1975–1979 (for Kathrine) og i 1985–1989 (for Katrine og Cathrine). Desse tre namneformene har tre stavingar og endar på -e, og ein liknande kurveprofil med tidleg topp på 1800-talet og ny topp mot slutten av 1900-talet kan også påvisast i nokre andre namn med tre stavingar og ending på -e, til dømes Helene og Malene.

Utvikling i bruk av namnet Katrine frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Katrine frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Katrine på 1800-talet.

Katrine var mest brukt i Vest-Agder og Sogn og Fjordane.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Katrine på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Katrine var mest brukt i Vest-Agder og Sogn og Fjordane. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Cathrine.)

Historisk bruk av namnet Katrine
Historisk bruk av namnet Katrine
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg