Kine er eit kvinnenamn som er samantrekt form av Kristine eller kortform av namn som endar på -kine, til dømes Isakine.

Namnedag er 22. oktober. Karianne og Karine har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kine

Eit utval personar med namnet Kine, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 282 kvinner i Noreg som hadde Kine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 jenter som fekk namnet Kine.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste tostava namna som endar på -e, var mest brukte i perioden 1955–1999. I tillegg til Kine, med topp 1985–1989, gjeld dette til dømes Bente, Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tine, Stine, Tone, Tonje, Tove, Trude, Vilde og Wencke.

Utvikling i bruk av namnet Kine frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Kine frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg