Kjartan er eit mannsnamn. Ifølgje «Laksdølasaga» var Kjartan oppkalla etter irskekongen Myrkjartan, eit namn som kjem av det irske Muircheartach som tyder ‘sjøkrigar’. Ei anna forklaring på namnet er at det kjem av det irske namnet Certán.

Namnedag er 2. juli. Kjellfrid har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Kjartan

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Kjartan

Eit utval personar med namnet Kjartan, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 198 menn i Noreg som hadde Kjartan som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Kjartan er ein skikkelse i «Soga om laksdølane» og dessutan i skodespelet «Kjartan og Gudrun» (1848) av Adam Oehlenschläger. Ut frå dette kunne ein kanskje ha venta at namnet vart tatt i bruk under den nordiske namnerenessansen i siste del av 1800-talet, men oppsvinget for Kjartan kom mykje seinare, midt på 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Kjartan frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Kjartan frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg