Klara er eit kvinnenamn som kjem av det latinske adjektivet clar-us/-a som tyder ‘klar; berømt’.

Namnet har fleire variantar: Clara, Klara.

Namnedag er 12. august. Camilla har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Klara

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Klara

Eit utval personar med namnet Klara, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 149 kvinner i Noreg som hadde Klara som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 93 jenter som fekk namnet Klara.

Utvikling i bruk av namnet

Klara høyrer til ei gruppe tostava namn på -a med to toppfasar, den fyrste rundt år 1900, og den andre rundt år 2000. Andre namn av denne typen er Anna, Laura, Emma, Selma og Ebba. Mellom desse to fasane, særleg i perioden 1955–1999, var tostava namn på -e meir populære, til dømes Bente, Tove, Hilde, Wenche, Hege, Hanne og Silje.

Utvikling i bruk av namnet Klara frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Klara frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Klara på 1800-talet.

Klara var mest brukt i Østfold, Oppland og Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Klara på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Klara var mest brukt i Østfold, Oppland og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Clara.)

Historisk bruk av namnet Klara
Historisk bruk av namnet Klara
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg