Knut, som er eit mannsnamn (av norrønt Knútr), kjem av ordet knute.

Namnet har fleire variantar: Knud, Knut.

Namnedag er 7. januar. Eldbjørg har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Knut

Kulturell bruk

  • Knut Gribb er ein detektiv, skapt av Stein Riverton (pseudonym for Sven Elvestad).

Kjende personar med namnet Knut

Eit utval personar med namnet Knut, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 23 638 menn i Noreg som hadde Knut som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Knut var det niande mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 36 gutar som fekk namnet Knut.

Utvikling i bruk av namnet

Knut (på 1800-talet også skrive i den danske forma Knud) var mykje brukt tidleg på 1800-talet, og i perioden 1800–1809 låg Knut (og Knud) som nummer 9 på ranglista. Knut fekk ein ny topp 1940–1944 til liks med andre einstava nordiske namn som Bård, Sven og Tor.

Utvikling i bruk av namnet Knut frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Knut frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Knut på 1800-talet.

Knut var mest brukt i Aust-Agder, Hordaland og Møre og Romsdal.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Knut på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Knut var mest brukt i Aust-Agder, Hordaland og Møre og Romsdal. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Knud.)

Historisk bruk av namnet Knut
Historisk bruk av namnet Knut
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg