Konrad er eit mannsnamn som kjem av gammalhøgtysk Kuon-rat. Forleddet tyder ‘dristig’ og etterleddet ‘råd, hjelp’.

Namnet har fleire variantar: Conrad, Kondrad, Konrad.

Namnedag er 26. november. Kurt har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Konrad

Eit utval personar med namnet Konrad, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 524 menn i Noreg som hadde Konrad som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 42 gutar som fekk namnet Konrad.

Utvikling i bruk av namnet

Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin 1860–1874, og ein god del av dei fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. I tillegg til Konrad gjeld dette til dømes Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Henrik, Hermann, Jørgen, Ludvig, Otto, Sivert og Wilhelm.

Utvikling i bruk av namnet Konrad frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Konrad frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Konrad på 1800-talet.

Konrad var mest brukt i Bergen og Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Konrad på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Konrad var mest brukt i Bergen og Nordland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Conrad.)

Historisk bruk av namnet Konrad
Historisk bruk av namnet Konrad
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg