Kristoffer er eit mannsnamn som kjem av det greske Christo-phoros med tydinga ‘Kristus-berar’. Denne betydningen har opphav i lengenden om St. Kristoffer som bar jesus barnet over en elv.

Namnet har fleire variantar: Christofer, Christoffer, Christopher, Cristoffer, Cristopher, Kristofer, Kristoffer, Kristopher.

Namnedag er 18. desember. Kate har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kristoffer

Eit utval personar med namnet Kristoffer, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 10 182 menn i Noreg som hadde Kristoffer som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Kristoffer var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 25 gutar som fekk namnet Kristoffer.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kristoffer, Christoffer og Christopher slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. I tillegg til dei bibelske namna er det stort sett berre namn av gresk og latinsk opphav som har tre stavingar, til dømes Kristoffer og variantar. Dette gjeld dessutan namn som Adrian, Fabian, Julian, Leander, Marius, Nikolai og Teodor. Til liks med mange bibelske namn var desse klassiske namna mest brukte rundt år 2000. I 1991 og 1993 låg Kristoffer (medrekna variantar) som nummer 2 på ranglista for gutenamn.

Utvikling i bruk av namnet Kristoffer frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Kristoffer frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kristoffer på 1800-talet.

Kristoffer var mest brukt i Buskerud.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kristoffer på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kristoffer var mest brukt i Buskerud. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Christoffer.)

Historisk bruk av namnet Kristoffer
Historisk bruk av namnet Kristoffer
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg