Laila er eit omdiskutert kvinnenamn. Det kan vere eit samisk og finsk kvinnenamn med bakgrunn i Aila, som i sin tur kanskje kjem av Helga. Laila kan også vere ein variant av det arabiske Leila som tyder ‘natt’. I Noreg er den fyrste forklaringa viktigast.

Namnet har fleire variantar: Laila, Lajla, Layla.

Namnedag er 27. februar. Lill har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Laila

Kulturell bruk

  • Laila er kjent frå J.A. Friis´ forteljing «Fra Finmarken. Skildringer» (1881). Namnet vart populært etter filmen om Laila (fyrste filmatisering i 1929).

Kjende personar med namnet Laila

Eit utval personar med namnet Laila, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 10 351 kvinner i Noreg som hadde Laila som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Laila var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 10 jenter som fekk namnet Laila.

Utvikling i bruk av namnet

Frå 1930 til 1990 var tostava namn på -e gjennomgåande meir populære enn dei på -a, til dømes Tove og Bente, men dette gjeld ikkje nokre få namn på -a som kan sjåast på som unntak frå dette allmenne mønsteret: Eva, Laila, Linda, Mona, Pia – og dei russiske Aina, Anja, Nina, Sonja, Tanja og Vera. Unntaket Laila, med topp 1940–1944, har truleg vorte populært på grunn av filmen om Laila (fyrste filmatisering 1929).

Utvikling i bruk av namnet Laila frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Laila frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg