Lilly er eit kvinnenamn som er engelsk kjæleform av Elizabeth. Dessutan kan namnet i engelsk assosierast med blomenamnet lily som tyder ‘lilje’.

Namnet har fleire variantar: Lili, Lilli, Lillie, Lilly, Lily.

Namnedag er 16. september. Lillian har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Lilly

Eit utval personar med namnet Lilly, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 541 kvinner i Noreg som hadde Lilly som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 137 jenter som fekk namnet Lilly, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Lilly og Lilli slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Dei engelske tostava kvinnenamna på -y var mest populære i perioden 1915–1924. I tillegg til Lilly gjeld dette til dømes Mary, Anny, Nelly, Henny, Kitty, Elly og Nancy. Varianten Lilli var på topp litt tidlegare.

Utvikling i bruk av namnet Lilly frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Lilly frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lilly på 1800-talet.

Lilly var – til liks med Lilli – klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Nye kulturimpulsar frå utlandet fekk fyrst innpass i byen, og dette gjeld også mange utanlandske namn, til dømes Lilly.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lilly på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Lilly var – til liks med Lilli – klart mest brukt i Kristiania og Bergen. Nye kulturimpulsar frå utlandet fekk fyrst innpass i byen, og dette gjeld også mange utanlandske namn, til dømes Lilly.

Historisk bruk av namnet Lilly
Historisk bruk av namnet Lilly
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg