Louise er eit kvinnenamn som er avleidd av det franske mannsnamnet Louis.

Namnet har fleire variantar: Lois, Louisa, Louise, Luisa, Luise.

Namnedag er 25. august. Lovise og Ludvig har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Louise

Eit utval personar med namnet Louise, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 164 kvinner i Noreg som hadde Louise som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 89 jenter som fekk namnet Louise.

Av dei som heitte Louise i perioden 1900–2017, var det 82 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Louise. Dette inneber at 18 prosent hadde Louise som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009, til dømes Annette, Charlotte, Henriette, Jeanette, Yvonne, Renate, Madeleine og Mariell. Det franske Louise følgjer ikkje dette mønsteret, for namnet har vore mest brukt etter 2015. Dessutan hadde Louise den førre toppen på 1800-talet (1870–1874), noko som kan komme av kongeleg påverknad: dronning Louise av Sverige og Noreg (1828–1871). Også seinare har Louise vore eit kongeleg namn: dronning Louise av Danmark (1851–1926), dronning Louise av Sverige (1889–1965) og Märtha Louise, norsk prinsesse fødd 1971.

Utvikling i bruk av namnet Louise frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Louise frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Louise på 1800-talet.

Louise var mest brukt i Oslo og Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Louise på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Louise var mest brukt i Oslo og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar.)

Historisk bruk av namnet Louise
Historisk bruk av namnet Louise
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Idar Brekkå

Louise og andre avarter av navnet blir sagt å komme fra Ludvig og fransk/tysk opprinnelse. Men i Bibelen finner vi grekeren Timoteus bestemor Lois i 2.Tim 1, 5. Kan det ikke heller komme fra henne og dermed fra gresk? Vi det da ha en annen betydning om det oversettes fra gresk etymologi?

skreiv Ida Scott

Hei! Til høsten kommer nye og mer fyldige navnartikler. I mellomtiden kan jeg vise til «10 001 navn» av Gulbrand Alhaug. Her står det at Louise også kan være et bibelsk navn av usikkert opphav (hebraisk eller gresk). Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg